KUNSTEN TIL NILS BERGSLIEN


STYRET I STIFTINGA BERGSLIMINNE OG VENELAGET PÅ TUR TIL TYSSEDAL OG EIDFJORD VÅREN 2018





















Laurdag 16. juni var styret i Stiftinga Bergsliminne og nokre av medlemmene i Venelaget på ekskursjon til Hardanger.

I privatbilar frå Voss køyrde me først til Tyssedal Hotell for å sjå den imponerande samlinga av Nils Bergslienkunst der. Fleire kjende kunstnarar frå same periode var også representerte i salane på hotellet, m.a Knud Bergslien, Anders Askvold og Christian Krogh m.fl.


Vidare til Galleri N. Bergslien der me vart mottekne av ein svensk medarbeidar som gav oss  god introduksjon til N.Bergslienutstillinga. Galleriet er innbydande og oversiktleg, og dei store måleria til Nils Bergslien kjem verkeleg til sin rett her. Det er imponerande å sjå kva den vetle kommunen Eidfjord har klart å få til kring kunstnaren Nils Bergslien.


Utstillinga «Fjord og Fjell» av dei fire Vossakunstnarane Gjermund Valland, Åshild Haugsbø, Eli- Wenche Lund-Johansen og Grete Andersen var også verdt å ta med seg, ei vakker utstilling!

Nils Bergslien budde i Bergsliskorane med familien sin frå 1887 og livet ut. Han døydde i 1928 og er gravlagd på Gamle Eidfjord kyrkjegard.

 

Eidfjord kommune har kjøpt Bergsliskorane og rehabilitert det til heilårsbolig. Huset vert leigd ut og nytta som kunstnarbustad store delar av året.

Eit besøk i kunstnarbustaden var ei interessant oppleving, modernisert – men likevel halde i stilen frå Nils Bergslien si tid. Ikkje vanskeleg å tenkja seg at Nils Bergslien vart inspirert av omgjevnadene i Bergsliskorane og av utsikten til fjell og fjord.


Turen vart avslutta med middag på restauranten «Sjel og Gane». Kan anbefalast-.


Referent: Laila Rynning Veum



Venelaget

Som medlem i Venelaget for Stiftinga Bergsliminne er du med på å stø arbeidet  med å fremja interessa for Bergsli-kunstnarane og å ta vare på barndomsheimen til Knud og Brynjulf Bergslien på Bergslitræet i Prestegardsmoen. Sjå heimeside: www.bergslien.net

og møt Stiftinga Bergsliminne på Facebook.


Me vonar at venelaget kan vera ein støttespelar for stiftinga i rehabiliteringa av Bergslitræet i 2017.


Medlemskap i venelaget:

Einskildmedlemer:200 kr pr år

Familiar:300 kr pr år


Innbetaling til konto:

Voss Vekselbank 9581 11 13752  eller

Voss Sparebank  3480 11 09294

Hugs å merke innbetalinga med Venelag + namn


TAKK FOR DI INTERESSE OG VELKOMEN I LAGET!

Stiftinga

Stiftinga Bergsliminne er ei offentleg stifting som vart skipa i 2001 av Voss Kommune, Voss Folkemuseum, Stiftelsen Dagestadmuseet, Voss Kunstlag, Voss Sogelag og Voss Ungdomslag.

Stiftinga har til føremål å ta vare på Bergslitræet i Voss, og å utvikla eit dokumentasjonssenter for dei tre Bergsli-kunstnarane knud, Brynjulf og Nils og andre kunstnarar med tilknyting til Voss.

På Bergslitræet står framleis huset som brørne Knud og Brynjulf Bergslien rundt 1860 fekk bygd til faren, Lars, i staden for den gamle husmannstova hans, som då var til nedfalls.

Bergslihuset ligg som ei perle i naturområdet Prestegardsmoen og vitnar om blømingstida for nasjonalromantikken i norsk kunst. Huset var dekorert utvendes og hadde innvendig dei gildaste tapetane, som berre var å finna i borgarhus i Kristiania på den tida.

Ei slik"husmannsstova" har knapt nok vore bygd i landet kørkje før eller sidan. Her budde Bergsli-folket heilt til Lars Bergslien døydde i 1880-åra i høg alder.

Huset er sidan påbygd og omvølt, og nå tilrettelagt som utstillingslokale for Bergsliminne. 

Husmannsgutar som vart banebrytarar i norsk nasjonalkunst


Sommarsesongen 2019


Invitasjon 1. Juni 2019


Tur til Bergslii


Årsmøte 2019


Markering av Kulturminnedegen


Eldretreff på Bergslitræet


Sundagsope på Bergslitræet


Venelag 2018


( sjå meir under Nyhende)

Nyhende