BERGSLI-KUNSTNARANE
Dei tre kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien er alle fødde og oppvaksne på Voss.
Dei er kjende i inn- og utlandet, og fleire av kunstverka deira har vorte til nasjonalsymbol.
Kunstmålaren Knud Bergslien (1827-1908)
Knud Bergslien byrja i soldatteneste 18 år gamal, men den uvanlege teiknegivnaden hans vart snart lagt merke til, og etter eit par år som elev ved kunstmålaren Hans Reusch sin teikneskule i Bergen drog han til utlandet og studerte både i Antwerpen og Paris. I åra 1855-1869 arbeidde han i Düsseldorf. Han flytta så attende til Noreg, og frå 1871 dreiv han Bergsliens Malerskole i Kristiania saman med Morten Müller. Her vart han lærar for ein heil generasjon norske kunstmålarar, mellom anna Harriet Backer og Edvard Munch.
Knud høyrde til Düsseldorfar-skulen og var god ven av kunstmålarane Adolph Tidemand og Hans Gude. Gjennom Knud fann Tidemann nokre av sine beste motiv for portrettbilete av bønder på Voss.
I dag er Knud mest kjend som hisoriemålar. Mellom dei mange arbeida hans må særleg nemnast nasjonalikonet "Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet" frå 1869, "Kong Sverre på Vossefjeldene" og biletet som han fekk Wasa-ordenen for: "Kong Oscar II's kroning i Nidarosdomen"
Det var likevel som portrettmålar og pedagog han nådde lengst.
Kunstmålaren Nils Bergslien (1853-1928)
Nils Bergslien viste tidleg i oppveksten rik kunstnargivnad, og farbrørne Knud og Brynjulf kappast om han skulle verta kunstmålar eller bilethoggar.
Målarkunsten vann, og 16 år gamal byrja Nils kunstutdanninga si ved onkelen sin målarskule i Kristiania. Seinare studerte han i München, Dresden og Wien.
Denne tida var han mykje saman med kunstmålaren Christian Skredsvig, som seinare skildra Nils i ei av bøkene sine. Etter at han kom heim att til Noreg, arbeidde han nokre år i Kristiania, før han tidleg i 1880-åra reiste til Hardanger, gifta seg og slo seg ned i Eidfjord.
Her vart han buande til han døydde. Nils hadde ein stor produksjon av målarstykke med frodige folkelivskildringar og humoristiske bilete av huldrer, nissar, kjærleikspar- og vestlandsnaturen.
Størst givnad viste han som landskaps- og portrettmålar, men folkelivsbileta var nok dei som selde best. Givnaden som bilethoggar fekk han syna då han laga monumentet "Ola Mosafinn" og "Ridande Vossabrudlaup" og portrettrelieffa til monumentet i Bergsliparken på Voss"
Bilethoggaren Brynjulf Bergslien (1830-1898)
Alt som barn fekk Brynjulf Bergslien undervisning i stempelskjering av morbroren, den kjende kartteiknaren Aad Gjelle. I 18-års alderen kom han i gravørlære hjå gullsmed Jacob Tostrup i Kristiania. Sidan studerte han ved Kunstakademiet i København, og i 9 år arbeidde han hjå nokre av dei mest kjende bilethoggarane der.
Etter studeiopphald i fleire av dei europeiske landa reiste han i 1861 heim att til Kristiania, der han busette seg og stifta familie i 1861 fekk han kunstnarstipend, og i 1868 vann han den føreste tevlinga om eit norsk monument: rytterstatuen i bronse av kong Carl Johan, som vart avduka på Slottsplassen i Kristiania i 1875.
Etter dette vart Brynjulf ein kjend bilethoggar. Han hadde ein stor produksjon, mellom anna laga han monumenta av Hanrik Wergeland, Peter Chr. Asbjørnsen og Johannes Brun. Men det er Carl Johan-statuen som er hovudverket hans.
Han underviste også, og han var den første læraren til Gustav Vigeland. Brynjulf var ein festleg og omgjengeleg persom med mange vener, godt kjend i kunstmiljøet i Kristiania og ein sentral drivkraft i Kunstnerforeningen.
Husmannsgutar som vart banebrytarar i norsk nasjonalkunst
Årsmøte 2022 Kulturminnedagar 2021 "attende - på ny" Kunst og Handverk Sommasesongen 2021 Årsmøte 2021 ( sjå meir under Nyhende) |
Nyhende