Bergsliløypa

 

 

 

 

1. Ola Mosafinn og Ridande Vossabrydlaup

Reist i 1921 på Lindehaugen til minne om meisterspelemannen Ola Mosefinn (1828-1912) og tradisjonen med ridande vossabrydlaup.

Notane er til "Bjølleslåtten", ofte spela i slike høve. Monumentet er teikna av Magnus Dagestad. Nils Bergslien har laga relieffet. Det vart flytta hit i 1984.

 

2. Bergsliparken

Reist i 1928 til lminne om dei 3 Bergsli-kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils. Magnus Dagestad gjekk i brodden for å reisa dette monumentet, og det er han som har teikna det. Nils Bergslien har laga relieffa.

 

3. Voss Ungdomshall

Bygd 1897 som samlingsstad for ungdomslaget "De unges Forbund" - seinare Voss Ungdomslag. Eit mykje nytta kulturhus på Vossevangen. Her finn vi kunst av dei tre Bergslikunstanarane: to bilete måla av Knud, fleire portrettmedaljongar laga av Brynjulf, og sceneteppe og fane måla av Nils.

 

4. Bergslitræet

Husmannsplass under Voss Prestegard, rydda av Lars Bergslien i 1820-åra. Fødestad og barndomsheim til sønene Knud og Brynjulf. Huset som står i dag, sette dei opp til faren rundt 1860. Det vart seinare påbygd og omvølt.

 

5. Norsk Kunsthandverkskule

Magnus Dagestad og Hordaland Ungdomslag grunnla Norsk Kunsthandverkskule i 1920. Målet var å fremja den nasjonale stilen i norsk prydkunst og husbunad. Magnus Dagestad teikna bygningen, og han var styrar ved skulen fram til 1935. Tidlegare hadde han ein verkstadbygning her, som Vestlandske Kunstindustrimuseum i åra 1905-13 nytta til snikkar- og treskjerarskule. Magnus Dagestad svar styrar og lærar også ved denne skulen. Kona Helena Bu Dagestad underviste i rosemåling og dekorasjon. Like ved sida av ligg huset Tintrabakken, som ekteparet kjøpte i 1902 go bygde om til sin heim.

 

6. Dagestadmuseet

Magnus Dagestad (1865-1957) var ein gåverik treskjerar, teiknar og formingskunstnar. Han var oppteken av og arbeidde for norsk form og folkekunst. Dei tre Bergsli-kunstnarane var nære vener og inspirasjonskjelder.

Ein del av kunsten han skapte er samla her.

 

7. Voss Prestegard

Her låg den gamle prestegarden på Vossevangen fram til brannen i 1940. Midt i tunet stod årestova, der mange ulike kulturhendingar og festlege samkomer fann stad. Sommaren 1897 veitja Brynjulf Bergslien Voss for siste gong, og han heldt då ein stor avskilsfest for venene sine her.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleire bilder finn du på :

 

bilder.bergslien.net

 

ultrices posuere cubilia Curae;
Nulla nunc. Donec vel augue