Venelaget / Stiftinga

Venelaget

Som medlem i Venelaget for Stiftinga Bergsliminne er du med på å stø arbeidet  med å fremja interessa for Bergsli-kunstnarane og å ta vare på barndomsheimen til Knud og Brynjulf Bergslien på Bergslitræet i Prestegardsmoen. Sjå heimeside: www.bergslien.net

og møt Stiftinga Bergsliminne på Facebook.


Me vonar at venelaget kan vera ein støttespelar for stiftinga i rehabiliteringa av Bergslitræet i 2017.


Medlemskap i venelaget:

Einskildmedlemer:200 kr pr år

Familiar:300 kr pr år


Innbetaling til konto:

Voss Vekselbank 9581 11 13752  eller

Voss Sparebank  3480 11 09294

Hugs å merke innbetalinga med Venelag + namn


TAKK FOR DI INTERESSE OG VELKOMEN I LAGET!

Stiftinga

Stiftinga Bergsliminne er ei offentleg stifting som vart skipa i 2001 av Voss Kommune, Voss Folkemuseum, Stiftelsen Dagestadmuseet, Voss Kunstlag, Voss Sogelag og Voss Ungdomslag.

Stiftinga har til føremål å ta vare på Bergslitræet i Voss, og å utvikla eit dokumentasjonssenter for dei tre Bergsli-kunstnarane knud, Brynjulf og Nils og andre kunstnarar med tilknyting til Voss.

På Bergslitræet står framleis huset som brørne Knud og Brynjulf Bergslien rundt 1860 fekk bygd til faren, Lars, i staden for den gamle husmannstova hans, som då var til nedfalls.

Bergslihuset ligg som ei perle i naturområdet Prestegardsmoen og vitnar om blømingstida for nasjonalromantikken i norsk kunst. Huset var dekorert utvendes og hadde innvendig dei gildaste tapetane, som berre var å finna i borgarhus i Kristiania på den tida.

Ei slik"husmannsstova" har knapt nok vore bygd i landet kørkje før eller sidan. Her budde Bergsli-folket heilt til Lars Bergslien døydde i 1880-åra i høg alder.

Huset er sidan påbygd og omvølt, og nå tilrettelagt som utstillingslokale for Bergsliminne.